+<p>Det er to målgrupper ein må sikte mot. Det eine er alle skulane som
+manglar eller har eit lite tilfredsstillande opplegg i dag, og ikkje
+har råd til å kjøpe noko nytt og blankpussa opplegg. Der er det om å
+gjere å gjere det enkelt for skulane å finne Skulelinux, og gjere det
+enkelt for dei å få hjelp til installasjon på skulen. Gjerne med
+lokale kontaktpersonar. Her er det dugnadsinnsats som må til, for
+desse skulane har ikkje råd til å betale for dette.</p>
+
+<p>Den andre og kanskje viktigare målgruppa er dei meir eller mindre
+profesjonelle kundane. Alle store offentlege innkjøp, inkludert
+innkjøp av nytt datasystem for skular, må ut på offentleg anbod.
+Offentlege anbod er mykje meir lukka enn dei gjev inntrykk av, og både
+regelboka og boka med triks for å sminke tilbodet er tjukk. Det er
+vanskeleg å komme inn utan eit solid salsapparat i ryggen. Kanskje
+Skulelinux skulle prøve aktivt å få seg eit partnarskap med eit av dei
+store som gjerne vil sterkare inn på den offentlege IT-marknaden?
+Nokon som kjenner triksa og har krefter til å ta opp kampen mot både
+dårlege anbod og Rudolf Blostrupmoen IT AS. Leveranse til skulane i
+ein kommune er ein god måte å få ein fot inn døra som leverandør til
+ein lukrativ kommunemarknad som kjøper alle tenester. Ta kontakt med
+nokon som er passeleg store og ikkje er Microsoft-partnar, og fortell:
+"Vi har eit ferdig produkt som du kan selje. Nei vi skal ikkje ha for
+det. Du kan gjerne gjere kva du vil med det, berre vi får lov til å
+hjelpe deg. Målgruppa er alle kommunar, og det er noko dei vil ha.
+Det er eit godt produkt, brukt av mange og godt likt."</p>