+Title: Skolelinux-intervju: Helge Tore Høyland
+Tags: norsk, debian edu, intervju
+Date: 2013-02-19 21:10

+Skolelinux-miljøet

+Helge Tore Høyland

Hvem er du, og hva driver du med til daglig?

Eg er IT-konsulent/teknikker hjå eit firma i Steinkjer med navn Uno
+IT. Uno IT er eit lite firma som drifter nettverk og maskiner for små
+og mellomstore firma Steinkjer-området. Pr dags dato er me 2
+ansatte. Min faglege bakgrunn er Fagbrev som it-teknikker, samt nokre
+fag innen nettverk- og server-drift frå HiST og NTNU. Dagleg arbeid
+består i oppsett av nye maskiner og hjelp til sluttbrukere, samt
+oppsett og vedlikehold av eit vidt spekter av fagsystemer ute hjå
+kunder. Erfaring med Skolelinux har eg hatt i forbindelse med drifting
+av Bjørkly, ein privat grunnskule i Namsos-området. I dag har skulen
+65 elever, 15 lærere, 1 hovedserver og ca 60 klienter som kjører
+halvtjukt. Eg har bygd og driftet systemet sidan summaren 2006.

Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?

Eg kom i kontakt med Skolelinux-prosjektet via ein artikkel i eit
+fagblad, som eg ikkje lenger hugsar namet på. I og med at eg allereide
+hadde pusla med nettverk for ein annan skule, fatta eg straks
+interesse for prosjektet.

Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?

Fordelane med skulelinux er sentralisert administrasjon og svært
+mange gode verktøy "ut av boksen". Veldig kjekt å kunne drifte 60
+klientar med berre å "bry" seg med ein server. Levetid for systemets
+hardware er og ein veldig fin effekt. I tillegg kjem fordelar som økt
+sikkerhet og mindre lisenskostnader. Etter min erfaring er det og
+mykje mindre driftskostnader med eit slikt system enn konkurerande
+system, pga enkelhet med sentralisert administrasjon. På grunn av at
+Skolelinux er basert på Debian er det òg svært stabilt.

Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?

Ulemper er mangel på vilje til å følge standarer ute i markedet,
+som fører til mangel på støtte til nokre mykje brukte ting. Flash og
+java er typiske eksempel. Sidan Debian satsar på stabilitet framfor å
+ha nyeste pakke av eit program, kan ein i nokre tilfeller kome borti
+at program vert "for gamle". Det er spesielt nettlesaren som er
+utsett. Mangel på vilje til å utvikle pedagogisk programvare, i Noreg,
+for "alle" platformer fører òg til noko hovudbry.

Hvilken fri programvare bruker du til daglig?

Til dagleg bruker eg svært mange forskjellige "fri programvare"
+program. Firefox, Thunderbird, Freecommander, ImgBurn, Clonezilla,
+OCS inventory, Icinga, Skolelinux, SystemRescueCD mmm.

Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få
+skoler til å ta i bruk fri programvare?

Strategisk må ein fokusere på at sluttbruker eigentleg ikkje er så
+fokusert på at det er fri progamvare men at det skal "berre fungere".
+Gjer det enkelt å bruker og ikkje minst å administrere. For Skolelinux
+sin del må ein få eit betre fokus på overganger. Ubytting av servere
+må gå meir automatisk, import og eksport av brukerbase og maskinbase
+mm må kunne gå enkelt og oppgradering til neste versjon må bli mykje
+meir automatisk og gjennomtesta. Ein må unngå at ein må sette opp frå
+start når ein byter ut ein server eller oppgraderer til neste
+versjon. For å få skolelinux til å bli eit betre alternativ for skular
+må ein ha fokus på nettlesaren. Denne må bli "up to date" og støtte
+dei protokollar og tillegg som vert brukt av forlag mm. Etter kvart
+som meir og meir blir flytta ut i "skya" vert dette viktigare og
+viktigare. Ein kunne ynskje og jobbe for at forlag med fleire tar i
+bruk opne standarer, men inntil det skjer, må systemet kunne brukast
+mot desse fagsystema.

For meg har prosjektet med Skolelinux vore ein svært artig og
+lærerik prosess. Miljøet rundt er ikkje enormt stort, dog stort nok,
+men det er svært hjelpevillig og engasjert.