From: Petter Reinholdtsen Date: Tue, 18 Jan 2011 13:00:39 +0000 (+0000) Subject: Litt mer svar fra Sturle. X-Git-Url: https://pere.pagekite.me/gitweb/homepage.git/commitdiff_plain/7720b71e4a35ce7461812808e766ceaf43a373cb Litt mer svar fra Sturle. --- diff --git a/blog/data/2011-01-19-skolelinux-sturle.txt b/blog/data/2011-01-19-skolelinux-sturle.txt index a7ff7aea03..c22d7f6fc5 100644 --- a/blog/data/2011-01-19-skolelinux-sturle.txt +++ b/blog/data/2011-01-19-skolelinux-sturle.txt @@ -100,6 +100,28 @@ som passar best til kvar del av jobben.

Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få skoler til å ta i bruk fri programvare?

-

- -XXX +

Det er to målgrupper ein må sikte mot. Det eine er alle skulane som +manglar eller har eit lite tilfredsstillande opplegg i dag, og ikkje +har råd til å kjøpe noko nytt og blankpussa opplegg. Der er det om å +gjere å gjere det enkelt for skulane å finne Skulelinux, og gjere det +enkelt for dei å få hjelp til installasjon på skulen. Gjerne med +lokale kontaktpersonar. Her er det dugnadsinnsats som må til, for +desse skulane har ikkje råd til å betale for dette.

+ +

Den andre og kanskje viktigare målgruppa er dei meir eller mindre +profesjonelle kundane. Alle store offentlege innkjøp, inkludert +innkjøp av nytt datasystem for skular, må ut på offentleg anbod. +Offentlege anbod er mykje meir lukka enn dei gjev inntrykk av, og både +regelboka og boka med triks for å sminke tilbodet er tjukk. Det er +vanskeleg å komme inn utan eit solid salsapparat i ryggen. Kanskje +Skulelinux skulle prøve aktivt å få seg eit partnarskap med eit av dei +store som gjerne vil sterkare inn på den offentlege IT-marknaden? +Nokon som kjenner triksa og har krefter til å ta opp kampen mot både +dårlege anbod og Rudolf Blostrupmoen IT AS. Leveranse til skulane i +ein kommune er ein god måte å få ein fot inn døra som leverandør til +ein lukrativ kommunemarknad som kjøper alle tenester. Ta kontakt med +nokon som er passeleg store og ikkje er Microsoft-partnar, og fortell: +"Vi har eit ferdig produkt som du kan selje. Nei vi skal ikkje ha for +det. Du kan gjerne gjere kva du vil med det, berre vi får lov til å +hjelpe deg. Målgruppa er alle kommunar, og det er noko dei vil ha. +Det er eit godt produkt, brukt av mange og godt likt."