Etter en lang pause og travle uker har jeg endelig klart å få +samlet et nytt intervju med en av folkene i +Skolelinux-miljøet. +Denne gang er det Helge Tore Høyland, en mangeårig bidragsyter på +epostlistene og ellers i prosjektet.
+ +Hvem er du, og hva driver du med til daglig?
+ +Eg er IT-konsulent/teknikker hjå eit firma i Steinkjer med navn +Uno IT. Uno IT er eit lite firma som +drifter nettverk og maskiner for små og mellomstore firma +Steinkjer-området. Per dags dato er me 2 ansatte. Min faglege bakgrunn +er Fagbrev som it-teknikker, samt nokre fag innen nettverk- og +server-drift frå HiST og NTNU. Dagleg arbeid består i oppsett av nye +maskiner og hjelp til sluttbrukere, samt oppsett og vedlikehold av eit +vidt spekter av fagsystemer ute hjå kunder. Erfaring med Skolelinux +har eg hatt i forbindelse med drifting av +Bjørkly skule, ein privat +grunnskule i Namsos-området. I dag har skulen 65 elever, 15 lærere, 1 +hovedserver og ca 60 klienter som kjører halvtjukt. Eg har bygd og +driftet systemet sidan summaren 2006.
+ +Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?
+ +Eg kom i kontakt med Skolelinux-prosjektet via ein artikkel i eit +fagblad, som eg ikkje lenger hugsar namnet på. I og med at eg allereie +hadde pusla med nettverk for ein annan skule, fatta eg straks +interesse for prosjektet.
+ +Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?
+ +Fordelane med Skolelinux er sentralisert administrasjon og svært +mange gode verktøy «ut av boksen». Veldig kjekt å kunne drifte 60 +klientar med berre å «bry» seg med ein server. Levetid for systemets +hardware er og ein veldig fin effekt. I tillegg kjem fordelar som økt +sikkerhet og mindre lisenskostnader. Etter min erfaring er det og +mykje mindre driftskostnader med eit slikt system enn konkurrerande +system, pga enkelhet med sentralisert administrasjon. På grunn av at +Skolelinux er basert på Debian er det òg svært stabilt.
+ +Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?
+ +Ulemper er mangel på vilje til å følge standarer ute i markedet, +som fører til mangel på støtte til nokre mykje brukte ting. Flash og +Java er typiske eksempel. Sidan Debian satsar på stabilitet framfor å +ha nyeste pakke av eit program, kan ein i nokre tilfeller kome borti +at program vert «for gamle». Det er spesielt nettlesaren som er +utsett. Mangel på vilje til å utvikle pedagogisk programvare, i Noreg, +for «alle» platformer fører òg til noko hovudbry.
+ +Hvilken fri programvare bruker du til daglig?
+ +Til dagleg bruker eg svært mange forskjellige «fri programvare» +program. Firefox, Thunderbird, Freecommander, ImgBurn, Clonezilla, +OCS inventory, Icinga, Skolelinux, SystemRescueCD og mykje meir.
+ +Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få +skoler til å ta i bruk fri programvare?
+ +Strategisk må ein fokusere på at sluttbruker eigentleg ikkje er så +fokusert på at det er fri programvare men at det skal «berre fungere». +Gjer det enkelt å bruker og ikkje minst å administrere. For Skolelinux +sin del må ein få eit betre fokus på overganger. Utbytting av servere +må gå meir automatisk, import og eksport av brukerbase og maskinbase +med meir må kunne gå enkelt og oppgradering til neste versjon må bli +mykje meir automatisk og gjennomtesta. Ein må unngå at ein må sette +opp frå start når ein byter ut ein server eller oppgraderer til neste +versjon. For å få Skolelinux til å bli eit betre alternativ for skular +må ein ha fokus på nettlesaren. Denne må bli «up to date» og støtte +dei protokollar og tillegg som vert brukt av forlag med meir. Etter +kvart som meir og meir blir flytta ut i «skya» vert dette viktigare og +viktigare. Ein kunne ynskje og jobbe for at forlag med fleire tar i +bruk opne standarer, men inntil det skjer, må systemet kunne brukast +mot desse fagsystema.
+ +For meg har prosjektet med Skolelinux vore ein svært artig og +lærerik prosess. Miljøet rundt er ikkje enormt stort, dog stort nok, +men det er svært hjelpevillig og engasjert.
+