+
Denne gang har jeg fått tak i en gammel unix-mann som har flyttet
+til vestlandet, og der bidratt til å revitalisere
+Skolelinux-oppsettet i Florø.
+
+
Hvem er du, og hva driver du med til daglig?
+
+
Sturle Sunde, ansvarleg for skulenettet i Flora kommune. Eg driv,
+vidareutviklar og er andrelinje brukarstøtte for datanettet ved
+skulane i Flora kommune. 10 skular og meir enn 700 maskiner med
+Linux, medrekna tynnklientar. Tidlegare jobba eg i mange år med
+unix-drift ved Universitetets senter for informasjonsteknologi ved
+Universitetet i Oslo.
+
+
Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?
+
+
Det er vanskeleg å svare konkret på. Eg har drive med Unix og Linux i
+alle år, og Skulelinux er eit godt kjent prosjekt i miljøet. Det var
+først i 2008, då eg tok til i min noverande jobb, at eg fekk bruk for
+Skulelinux for alvor.
+
+
Jobben min skulle vere drift av eit nytt skulenett i Flora kommune,
+levert av eit firma eg ikkje vil reklamere for. Systemet skulle vere
+ferdig levert i september året før. Dette viste seg å ta mykje lenger
+tid, og i haustferien 2008 hadde dei endå ikkje klart å få opp ei
+fungerande løysing. Situasjonen var prekær for den største skulen i
+kommunen med meir enn 500 elevar på ungdomssteget. Skulen hadde brukt
+Skulelinux før, og var tilfredse med det. No hadde dei vore utan
+fungerande datasystem i nesten eit år. Difor fekk eg opp ein ny tenar
+utanfor prosjektet og installerte Skulelinux på den. Etter litt
+justering av konfigurasjonen med god hjelp av #skolelinux på IRC, var
+den nye tenaren oppe og gjekk med både tynne og halv-tjukke klientar.
+Autentisering gjekk mot det nye systemet, slik at elevar og lærarar
+framleis har same brukarnamn og passord over alt. Dette berre
+fungerte, og vi bestemte oss for å erstatte delar av løysinga vi
+skulle få levert med Skulelinux.
+
+
Det høyrer med til historia at det nye systemet eg skulle drive frå
+januar 2008 endå ikkje er ferdig levert. Dei jobbar med saka, seier
+dei, og har von om å fullføre leveransen i løpet av 2011.
+
+
Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?
+
+
Det er veldig mange. Eg skal ta nokre få.
+
+
Den viktigaste fordelen er at det igrunn berre er ei maskin å passe
+på, og det er tenaren. Med andre løysingar har ein gjerne programvare
+og anna som skal vedlikehaldast på kvar enkelt maskin. Med Skulelinux
+kan alle feil rettast og alle program oppgraderast på alle maskiner
+samstundes ved å gjere endringa som må til på tenaren. Eg kan sitje
+på kontoret og passe på alle tenarane i kommunen derifrå.
+
+
+
+- Tynne klientar gjer det mogleg å bruke eldre utstyr lenge, so lenge
+tenaren er sterk nok. Ein liten tenar med eit par halv-moderne CPUar
+og 2 GiB RAM held lenge for eit typisk klasserom med 30 tynnklientar,
+og det er lett å utvide med fleire.
+
+
- Halvtjukke klientar gjer det mogleg å utnytte kapasiteten i litt
+nyare maskiner betre, og avlaste tenaren. Ingenting vert installert
+lokalt på desse heller, og harddisken kan gjerne koblast frå. Gode
+halvtjukke klientar kan kjøpast brukt for under 1000-lappen, og det er
+heile kostnaden. Ingen lisensar eller anna på toppen, og det er ikkje
+krav til kraftigare tenar heller.
+
+
- Det er Linux. Vi har ikkje noko kluss med drivarar, dei berre er
+der. Heller ikkje med virus, dei finst i realiteten ikkje. Eller med
+elevar som klussar med installert programvare, for dei klarar ikkje å
+øydeleggje for nokon andre enn seg sjølve.
+
+
+
+
Skulelinux er lagt opp til å vere veldig lett å installere rett ut
+av boksen på ein heil skule av ein interessert lærar. Det er ofte ei
+god løysing for skulen. Ã
ha nokon til stades som kjenner systemet og
+kan forklare enkle ting eller løyse problem der og då, er uvurderleg
+viktig for ein stressa lærar fem minutt før det ringer inn.
+
+
Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?
+
+
All den ferdige konfigurasjonen gjer det tungvint å tilpasse
+Skulelinux til eit system som skal fungere saman med mange andre
+installasjonar i eit felles datanett for skulane i ein kommune. Det
+heile er prekonfigurert for ein skule, og utviding til mange skular
+med eigne tenarar er ikkje berre enkelt.
+
+
Hvilken fri programvare bruker du til daglig?
+
+
Eg brukar mest alle små hjelpeprogram som føl med operativsystemet,
+samt scriptspråket perl. Elles er Firefox/Iceweasel, Gnome-terminal
+og ssh i kontinuerleg bruk. Av Linux-distribusjonar brukar eg både
+Debian, Ubuntu, SuSE og RedHat dagleg. Eg prøvar å finne det verktyet
+som passar best til kvar del av jobben.
+
+
Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få
+skoler til å ta i bruk fri programvare?
+
+
Det er to målgrupper ein må sikte mot. Det eine er alle skulane som
+manglar eller har eit lite tilfredsstillande opplegg i dag, og ikkje
+har råd til å kjøpe noko nytt og blankpussa opplegg. Der er det om å
+gjere å gjere det enkelt for skulane å finne Skulelinux, og gjere det
+enkelt for dei å få hjelp til installasjon på skulen. Gjerne med
+lokale kontaktpersonar. Her er det dugnadsinnsats som må til, for
+desse skulane har ikkje råd til å betale for dette.
+
+
Den andre og kanskje viktigare målgruppa er dei meir eller mindre
+profesjonelle kundane. Alle store offentlege innkjøp, inkludert
+innkjøp av nytt datasystem for skular, må ut på offentleg anbod.
+Offentlege anbod er mykje meir lukka enn dei gjev inntrykk av, og både
+regelboka og boka med triks for å sminke tilbodet er tjukk. Det er
+vanskeleg å komme inn utan eit solid salsapparat i ryggen. Kanskje
+Skulelinux skulle prøve aktivt å få seg eit partnarskap med eit av dei
+store som gjerne vil sterkare inn på den offentlege IT-marknaden?
+Nokon som kjenner triksa og har krefter til å ta opp kampen mot både
+dårlege anbod og Rudolf Blostrupmoen IT AS. Leveranse til skulane i
+ein kommune er ein god måte å få ein fot inn døra som leverandør til
+ein lukrativ kommunemarknad som kjøper alle tenester. Ta kontakt med
+nokon som er passeleg store og ikkje er Microsoft-partnar, og fortell:
+"Vi har eit ferdig produkt som du kan selje. Nei vi skal ikkje ha for
+det. Du kan gjerne gjere kva du vil med det, berre vi får lov til å
+hjelpe deg. MÃ¥lgruppa er alle kommunar, og det er noko dei vil ha.
+Det er eit godt produkt, brukt av mange og godt likt."
+