Denne gang har jeg fått tak i en mangeårig unix-mann som etter
mange år ved Universitetet i Oslo, der jeg først traff ham, har
flyttet tilbake til vestlandet, og der bidratt til å revitalisere
Skolelinux-oppsettet i
Florø.
Hvem er du, og hva driver du med til daglig?
Sturle Sunde, ansvarleg for skulenettet i Flora kommune. Eg driv,
vidareutviklar og er andrelinje brukarstøtte for datanettet ved
skulane i Flora kommune. 10 skular og meir enn 700 maskiner med
Linux, medrekna tynnklientar. Tidlegare jobba eg i mange år med
unix-drift ved Universitetets senter for informasjonsteknologi ved
Universitetet i Oslo.
Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?
Det er vanskeleg å svare konkret på. Eg har drive med Unix og Linux i
alle år, og Skulelinux er eit godt kjent prosjekt i miljøet. Det var
først i 2008, då eg tok til i min noverande jobb, at eg fekk bruk for
Skulelinux for alvor.
Jobben min skulle vere drift av eit nytt skulenett i Flora kommune,
levert av eit firma eg ikkje vil reklamere for. Systemet skulle vere
ferdig levert i september året før. Dette viste seg å ta mykje lenger
tid, og i haustferien 2008 hadde dei endå ikkje klart å få opp ei
fungerande løysing. Situasjonen var prekær for den største skulen i
kommunen med meir enn 500 elevar på ungdomssteget. Skulen hadde brukt
Skulelinux før, og var tilfredse med det. No hadde dei vore utan
fungerande datasystem i nesten eit år. Difor fekk eg opp ein ny tenar
utanfor prosjektet og installerte Skulelinux på den. Etter litt
justering av konfigurasjonen med god hjelp av #skolelinux på IRC, var
den nye tenaren oppe og gjekk med både tynne og halv-tjukke klientar.
Autentisering gjekk mot det nye systemet, slik at elevar og lærarar
framleis har same brukarnamn og passord over alt. Dette berre
fungerte, og vi bestemte oss for å erstatte delar av løysinga vi
skulle få levert med Skulelinux.
Det høyrer med til historia at det nye systemet eg skulle drive frå
januar 2008 endå ikkje er ferdig levert. Dei jobbar med saka, seier
dei, og har von om å fullføre leveransen i løpet av 2011.
Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?
Det er veldig mange. Eg skal ta nokre få.
Den viktigaste fordelen er at det igrunn berre er ei maskin å passe
på, og det er tenaren. Med andre løysingar har ein gjerne programvare
og anna som skal vedlikehaldast på kvar enkelt maskin. Med Skulelinux
kan alle feil rettast og alle program oppgraderast på alle maskiner
samstundes ved å gjere endringa som må til på tenaren. Eg kan sitje
på kontoret og passe på alle tenarane i kommunen derifrå.
- Tynne klientar gjer det mogleg å bruke eldre utstyr lenge, so lenge
tenaren er sterk nok. Ein liten tenar med eit par halv-moderne CPUar
og 2 GiB RAM held lenge for eit typisk klasserom med 30 tynnklientar,
og det er lett å utvide med fleire.
- Halvtjukke klientar gjer det mogleg å utnytte kapasiteten i litt
nyare maskiner betre, og avlaste tenaren. Ingenting vert installert
lokalt på desse heller, og harddisken kan gjerne koblast frå. Gode
halvtjukke klientar kan kjøpast brukt for under 1000-lappen, og det er
heile kostnaden. Ingen lisensar eller anna på toppen, og det er ikkje
krav til kraftigare tenar heller.
- Det er Linux. Vi har ikkje noko kluss med drivarar, dei berre er
der. Heller ikkje med virus, dei finst i realiteten ikkje. Eller med
elevar som klussar med installert programvare, for dei klarar ikkje å
øydeleggje for nokon andre enn seg sjølve.
Skulelinux er lagt opp til å vere veldig lett å installere rett ut
av boksen på ein heil skule av ein interessert lærar. Det er ofte ei
god løysing for skulen. Å ha nokon til stades som kjenner systemet og
kan forklare enkle ting eller løyse problem der og då, er uvurderleg
viktig for ein stressa lærar fem minutt før det ringer inn.
Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?
All den ferdige konfigurasjonen gjer det tungvint å tilpasse
Skulelinux til eit system som skal fungere saman med mange andre
installasjonar i eit felles datanett for skulane i ein kommune. Det
heile er prekonfigurert for ein skule, og utviding til mange skular
med eigne tenarar er ikkje berre enkelt.
Hvilken fri programvare bruker du til daglig?
Eg brukar mest alle små hjelpeprogram som føl med operativsystemet,
samt scriptspråket perl. Elles er Firefox/Iceweasel, Gnome-terminal
og ssh i kontinuerleg bruk. Av Linux-distribusjonar brukar eg både
Debian, Ubuntu, SuSE og RedHat dagleg. Eg prøvar å finne det verktyet
som passar best til kvar del av jobben.
Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få
skoler til å ta i bruk fri programvare?
Det er to målgrupper ein må sikte mot. Det eine er alle skulane som
manglar eller har eit lite tilfredsstillande opplegg i dag, og ikkje
har råd til å kjøpe noko nytt og blankpussa opplegg. Der er det om å
gjere å gjere det enkelt for skulane å finne Skulelinux, og gjere det
enkelt for dei å få hjelp til installasjon på skulen. Gjerne med
lokale kontaktpersonar. Her er det dugnadsinnsats som må til, for
desse skulane har ikkje råd til å betale for dette.
Den andre og kanskje viktigare målgruppa er dei meir eller mindre
profesjonelle kundane. Alle store offentlege innkjøp, inkludert
innkjøp av nytt datasystem for skular, må ut på offentleg anbod.
Offentlege anbod er mykje meir lukka enn dei gjev inntrykk av, og både
regelboka og boka med triks for å sminke tilbodet er tjukk. Det er
vanskeleg å komme inn utan eit solid salsapparat i ryggen. Kanskje
Skulelinux skulle prøve aktivt å få seg eit partnarskap med eit av dei
store som gjerne vil sterkare inn på den offentlege IT-marknaden?
Nokon som kjenner triksa og har krefter til å ta opp kampen mot både
dårlege anbod og Rudolf Blostrupmoen IT AS. Leveranse til skulane i
ein kommune er ein god måte å få ein fot inn døra som leverandør til
ein lukrativ kommunemarknad som kjøper alle tenester. Ta kontakt med
nokon som er passeleg store og ikkje er Microsoft-partnar, og fortell:
«Vi har eit ferdig produkt som du kan selje. Nei vi skal ikkje ha for
det. Du kan gjerne gjere kva du vil med det, berre vi får lov til å
hjelpe deg. Målgruppa er alle kommunar, og det er noko dei vil ha.
Det er eit godt produkt, brukt av mange og godt likt.»